Anastasia Lapsui

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anastasia Lapsui

Fødd1944 (80 år)
FødestadJamalo-Nenetsk
Verka somfilmregissør, journalist, Korrespondent, manusforfattar
EktefelleMarkku Lehmuskallio
PrisarFinlands nasjonalpris

Anastasia Lapsui (fødd 1944) er ein nenetsisk filmregissør busett i Finland.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Anastasia Lapsui kjem frå Nida i Jamalo-Nenetsk i dagens Russland. Som nenetsar snakkar ho nenetsisk, eit finsk-ugrisk språk. Lapsui studerte ved universitetet i Sverdlovsk, og jobba deretter som journalist, i aviser og radio.[1] I 1993 flytte ho til Finland, og har no base i Helsingfors.

Ho debuterte innan filmindustrien allereie i 1993. Særleg har ho vorte kjend i samarbeid med den finske filmregissøren Markku Lehmuskallio. Dei to har spesialisert seg innan filmar om urfolk, og har m.a. laga film om urfolk i Sibir, Grønland, og Nord-Canada, og om nenetsarar og samar.[2] Dei starta å vinna merksemd med filmen Sju sångar frå tundraen (2000), og vann Amandaprisen for denne i klassen beste nordiske kinofilm same året. Filmen vann også den finske Jussi-statuetten i kategorien Beste film i 2001.[3]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Anna (1997)
  • Sju sångar frå tundraen (2000)
  • Livets mødre (2002)
  • A Bride of the Seventh Heaven (2003)
  • Saamelainen (2006)
  • Sukunsa viimeinen (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]