Anatekse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anatekse spelar ei viktig rolle i danninga av migmatitt

Anatekse (via latinsk frå gresk som tyder «å smelte om»)[1] er ein geologisk prosess der ein bergart vert heilt eller delvis smelta, særleg i forminga av metamorfe bergartar som migmatitt.

Dette skjer djupt i jordskorpa eller øvst i mantelen, der det er høgt trykk og temperatur. Den smelta steinen kan samle seg i større mengder og trenge opp gjennom jordskorpa og størkne til djup-, gang- eller dagbergartar.

Ein kjenner best anaktese frå granittiske bergartar, mellom anna fordi granitt er vanleg i djupt i jordskorpa.

Ein anateksitt er ein bergart der ein framleis kan sjå spor etter danning ved smelitng av eldre berggrunn i strukturen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "anatexis". http://en.wiktionary.org/wiki/anatexis