Andíparos
| Andíparos Lokalt namn: Αντιπαρος |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Kykladane |
| Areal | 35 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Dei sørlege egeiske øyane Páros |
| Demografi | |
| Folketal | 900 |
| Folketettleik | 26 /km² |
Andíparos (gresk Αντίπαρος), i antikken kalla Oliaros, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Ho ligg berre om lag 1 km vest for Páros, ein båttur som berre tar 10 minutt frå Poúnda, ei lita hamn på Páros.
Andíparos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Páros i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Øya har ei 57 km lang kystlinje, men berre om lag 900 innbyggjarar. Dei fleste av desse bur i landsbyen Andíparos eller Kástro på nordkysten og arbeider med jordbruk og fiske. Øya er 12,5 km lang og 5,5 km brei med eit areal på 35 km². Vest for Andíparos ligg den vesle øya Despotikó.
[endre] Turisme
Den størst turistattraksjonen på øya er ei stalaktittgrotte på sørkysten. Det er mange strender på øya og den største er Psaraliki, der dei fleste turistane dreg til. Det er óg andre strender og restaurantområde på øya, men desse er vanskelegare å nå.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Antiparos frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- J. P. de Tournefort, Relation d'un voyage au Levant (1717); English edition, 1718, vol. i. p. 146
|
|
||
|---|---|---|
|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Jyáros • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
||