Anda i Gloppen

Koordinatar: 61°50′46.568″N 6°4′55.682″E / 61.84626889°N 6.08213389°E / 61.84626889; 6.08213389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°50′46.568″N 6°4′55.682″E / 61.84626889°N 6.08213389°E / 61.84626889; 6.08213389

Ferjeleiet med fyret til høgre
Foto: C. Hill, 2007

Anda er eit område i Gloppen kommune i Nordfjord. I området ligg ferjeleiet mellom Anda og Lote, eit sentralt knutepunkt der Europaveg 39 kryssar Nordfjord. Det ligg eit fyr, Anda fyr, lengst mot vest i området. Sandane lufthamn ligg mot aust i området.

Området ligg på garden Hjelmeset, som nå er delt i tre aktive bruk, og eit mindre nedlagt bruk nord for flyplassen. Bruket nærast ferjekaia er barndomsheimen til verdsmeister i langrenn, Odd-Bjørn Hjelmeset.

Namnet Anda[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Anda» kjem truleg av forma på terrenget, best sett frå sørsida av Gloppefjorden. Området har ei form som minner om ei and, der hals og hovud er området ved ferjekaia og nebbet mot fyret lengst i vest. (Med litt velvilje viser dette også frå nordvest.) Kroppen er ein skogkledd ås som høyrer til gardane på Hjelmeset.

Heksebrenning[endre | endre wikiteksten]

Gamle historier seier at Anda var brukt som område for heksebrenning. Det er plassert eit heksemonument i området til minne om dei kvinnene som blei drepne her.