Andakt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein andakt er ei enkel form for gudsteneste som kristne, enkeltvis eller i gruppe, er oppfordra til å halde dagleg.

Innhaldsliste

Ordsoge [endre]

Ordet andakt brukast i norsk i hankjønn eller hokjønn (ein eller ei). Det har komme frå tysk andenken (tenkje på) via dansk til norsk. Ordet andakt brukast i to tydinger: Om ei enkel gudsteneste eller bønestund som omtalt her, eller om ei stemning av alvor og høgtid[1].

Innhald [endre]

Ein typisk andakt inneheld bønn, bibellesing og meditasjon. Andakt er ei kjelde til ro og ein moglegheit til å ta ein pause.

Andakt i media [endre]

«Andakten» er eit radioprogram i NRK som har ein særs stabil lytterskare. I 2001 hadde programmet dagleg 430.000 lyttarar. Norea radio sender andaktsserien Over en åpen Bibel til ei rekke lokalradioar, som sender daglege andaktar fem dagar i veka.

Litteratur [endre]

For enkle andaktar finst ein særskilt litterær genre av sokalla andaktsbøker.

Noreg [endre]

Nokre kjende norske forfattarar av andaktsbøker er Fredrik Wisløff, Hans Edvard Wisløff, Ludvig Hope, Ole Hallesby og O. Dahl Goli

Sverige [endre]

Nokre kjende svenske forfattarar av andaktsbøker er Torgny Wirén, Carl Olof Rosenius, Magnus Malm, Wilfrid Stinissen og Aurore Tisell.

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]

  • NRKs årsmelding for 2001