Andamanøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andamanøyane
Andaman.jpg
Geografi
Andamanen-eilanden-locatie.png
Stad Bengalbukta i Det indiske havet
Koordinatar 12°30′N 92°45′EKoordinatar: 12°30′N 92°45′E
Administrasjon
Land India
Unionsterritorium Andamanane og Nikobarane

Andamanøyane er ei øygruppe i Bengalbukta og ein del av det indiske forbundsterritoriet Andamanøyane og Nikobarane. Administrasjonssentret heiter Port Blair. Det finst 204 øyar, og dei hadde i 2001 eit folketal på 314 239.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Øygruppa er saman med Nikobarøyane del av ein 1 130 km lang undervassfjellkjede, som går frå Cape Negrais i Burma til Achin på Sumatra.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Andamanøyane blei truleg folkesette for rundt 60 000 år sidan av menneske som vandra inn frå dagens India eller Burma. Folka der levde isolert frå omverda og kvarandre, og utvikla svært ulike andamanske språk. Dei levde gjennom sanking, jakt og fiske, og brukte pil og boge, harpun og skarøks. Dei hadde ikkje lært å laga eld, og tok derfor godt vare på glødande kol etter lynnedslag.

Busetjinga av andamanske folkegrupper tidleg på 1800-talet (venstre) samanlikna med i 2004.
Fotografi av innfødd mann og kvinne frå Store Andaman i 1876.

Øyane blei først skildra av arabiske geografar. Andaman al-Kabir ('Store Andaman') er nemnd i Ajaib al-Hind frå 900-talet. Europeiske reisande under oppdagingstida nemnde ofte den fiendtlege haldninga til øybuarane, til forskjell frå den vennlegare mottakinga dei fekk på Nikobarane. Nykomarar blei stadig angripne av øybuarar, til dømes skipbrotne frå skipet «Nineveh» som kom til North Sentinel Island i 1867, der berre éin av 86 klarte flykta. Britane på si side utrydda brutalt mange av øybuarane. Frå rundt 5 000 urfolk på øyane i 1850-åra, er det no berre rundt 400-1000 igjen. Fleire stammar har stått imot kontakt med framande heilt fram til slutten av 1990-talet. Ein antropolog fekk kontakt med sentinelesarane på 1970-talet.[1] Den første kontakten mellom innflyttarar og jarawa-folk frå Midtre Andaman fann stad på 1990-talet.[2]

På 1700-talet laga marathageneralen Kanhoji Angre ein base på øyane og kjempa mot britane derfrå. I 1789 grunnla dei britiske styresmaktene i Bengal, som då hadde kontroll over øyane, ein straffekoloni på Chatham Island like søraust for Store Andaman. To år seinare flytta kolonien over til Store Andaman, men denne måtte snart leggast ned etter mykje sjukdom og død. Den første kolonien fekk namnet Port Blair etter offiseren som grunnla han, den andre heitte Port Cornwallis etter admiral William Cornwallis. Etter den indiske oppreisten i 1857 trengde britane meir fangeplass, og grunnla ein ny stor fangeleir. Cellular Jail eller Kala pani ('Svart vatn') frå 1910 blei særleg brukt for politiske fangar som kjempa for indisk sjølvstende. Under andre verdskrigen blei øyane okkuperte av japanarane. Den indiske fridomsrørsla leia av Subhash Chandra Bose, som var alliert med japanarane, erklærte sjølvstende her i 1943. Fengselet blei stengd i samband med det indiske sjølvstendet i 1947, og er blitt eit nasjonalt minnesmerke.

Fleirtalet av innbyggjarane på øyane er no bengali-, hindi-, panjabi og tamiltalande. Mange av desse er hinduar som flytta hit etter delinga av Britisk India, då heimområda deira blei del av Pakistan. Andre er srilankiske tamilar av indisk opphav som blei nekta statsborgarskap på Sri Lanka.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

På Andamanøyane dyrkar ein te, mango, brødfrukt og kokos. Turistindustrien er veksande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. McGirk 1993
  2. Seksharia 1998

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • McGirk, T (10 January, 1993), «Islanders running out of isolation: Tim McGirk in the Andaman Islands reports on the fate of the Sentinelese», The Independent 
  • Seksharia (july 04-July 17, 1998), «Jarawa excursions», Frontline 15 (14) 
  • «Andamans». Indax. http://www.indax.com/andamans.html. Henta 15. juli 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andamanøyane