Anders Bratholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Bratholm
Fødd7. januar 1920
Christiania
Død8. juli 2010
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Områdestrafferett
Yrkejusprofessor, journalist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Anders Elias Bratholm (7. januar 19208. juli 2010) var ein norsk jurist.

Bratholm var fødd utanfor ekteskap i Oslo, og vart bortadoptert til eit ektepar frå Borgund (i dagens Ålesund). Familien budde i Borgund nokre år, før han flytta til Jeløya i Moss.

Bratholm var redaktør av Dagningen frå 1945 til 1947. Han vart Dr.juris i 1958 og var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1960 til 1990.

Anders Bratholm har vore formann i Straffelovkommisjonen og medlem av fleire offentlege utval. Han var redaktør av det juridiske tidsskriftet Lov og Rett frå 1962 til 1990.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1957 Pågripelse og varetektsfengsel (doktoravhandling)
  • 1973 Sivil rettergang skrive saman med Jo Hov
  • 1980 Strafferett og samfunn
  • 1983 (1.utg.)/ 1990 (2.utg) Spesiell strafferett skrive saman med Johs. Andenæs
  • 1986 Politivold. Omfang - årsaker - forebyggelse
  • 1991 Straffeloven I skrive saman med Magnus Matningsdal
  • 2008 Anders Bratholm, Ståle Eskeland - «Justismord og rettssikkerhet» - 287 sider - ISBN 978-82-15-01149-3

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]