Anders Lothe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Lothe

Fødd23. desember 1875
Død23. januar 1962 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, skribent, redaktør, avisredaktør
Alle verv

Anders Matias Abrahamson Lothe (fødd 23. desember 1875 på Lote, død 23. januar 1962 i Florø) var ein norsk lærar, redaktør og målmann. Han var òg politisk aktiv, og var stortingsrepresentant for Ap.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lothe vart fødd på husmannsplassen Nylendebruket (Abrahambruket) på Lote i Gloppen kommune – no Eid kommune. Han vart uteksaminert ved lærarskulen i Seljord i 1896. Skuleåret 1900–1901 gjekk han på Gloppen private mellomskule samtidig som han hadde byrja å arbeide som lærar, og deretter tok han Mellomskuleeksamen ved Tanks skule i Bergen. Han vart i 1901 den første eleven i landet som leverte eit eksamenssvar på nynorsk. Sensorane nekta å rette innleveringa, og ho vart send til Departementet for godkjenning. Stilen vart der godkjend. Lothe arbeidde også som lærar i Kinn og Sparbu.

Han var med å stifte Firda Mållag i 1899, og var formann der i mange år. Han var redaktør i avisa Firda Folkeblad i Florø i tidsrommet 1911–1916. Han var òg sentral i etableringa av Firda GymnasSandane.

Lothe skreiv og gav ut fleire lokalhistoriske skrifter, og Målreisingssoga i Sogn og Fjordane frå 1950 er den mest kjende boka hans. Ho omhandlar mellom anna striden i Nordfjord mellom Jon Jonsen Hyenes og sokneprest Jørgen Meier Heffermehl.

Lothe var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå 1928–1930, og frå 1933–1940 – først som medlem av universitets- og fagskulenemnda, seinare av veg- og jernbanenemnda. Han sat òg i bystyret og formannskapet i Florø, og har fått ei gate i byen oppkalla etter seg.

Lothe gifta seg i 1902 med Kristine Henden (f. 1881), som døydde i barsel i 1905 medan ho fødde tvillingar, der den eine døydde tidleg. Han gifta seg på nytt med svigerinna si, Anna Henden (1886–1964), i 1906.

27. januar 1943 vart Lothe arrestert av tyske styrkar og sett i Bergens kretsfengsel til 16. februar, og deretter vart han flytta til Ulven og sat der til 7. mai, før han vart send til Grini. Han sat på Grini til 21. juli 1944.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1903 – Aasefolket (Nordfjordeid: Eget forlag)
  • 1958 – Soga um Lothe i Nordfjord (Sandane)
  • 1971 – Skulesoga i Kinn prestegjeld gjennom hundrad år : 1762-1860 (Florø: Flora sogenemnd) I fulltekst ved nb.no

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]