Anders Anundsen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Anundsen (fødd 17. november 1975) er ein norsk Frp-politikar frå Stavern. Han vart vald inn på Stortinget frå Vestfold i 2005 og 2009. Han var vararepresentant i perioden 1997-2001. Han har tidlegare vore formann i Framstegspartiets Ungdom.
Anundsen tok juridisk mastergrad i 2008. Anundsen har arbeida som politisk rådgjevar for FrP si stortingsgruppe i åra 1995-1997, sekretær/konsulent for Advokat Dag W. Andressen 2000-2002 og lærarvikar 2001-2004.
Stortingskomitear [endre]
- 2005-2009 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskningskomiteen
- 2009-2013 medlem av Kontroll og konstitusjonskomiteen