Anders Bakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Bakken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1955 (68 år)
Lillehammer kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1980

Anders Bakken (fødd 20. juni 1955) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han er frå Lillehammer og tevla for Lillehammer Skiklub. Bakken vart noregsmeister ein gong, på femmila i 1981. Han vann elles tre bronsemedaljar i NM-renn. Beste meisterskapsplassering i verdsmeisterskap var ein 12. plass på femmila i Lahti-VM 1978. Hans fremste internasjonale prestasjon kom då han sigra på 15-kilometeren i Lahti i 1979.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1978: Nr 12 på 50 km og nr 13 på 30 km under VM i Lahti
  • 1979: Vinnar av 15 km og 3. plass på 50 km i Lahti
  • 1980: Nr 3 på 15 km i Holmenkollen. Nr 15 på 50 km under Olympiske leikar i Lake Placid
  • 1981: Nr 2 på 50 km i Lahti (ikkje verdscuprenn)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar