Anders Beer Wilse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anders Beer Wilse
Anders Wilse 1892.jpg
Anders Beer Wilse fotografert i USA rundt 1890
Nasjonalitet Norsk
Fødd 12. juni 1865, Flekkefjord
Død 21. februar 1949 (83 år)
Yrke Fotograf

Anders Beer Wilse (12. juni 186521. februar 1949)[1] var ein norsk fotograf. Han er best kjend for arbeidet med fotografisk dokumentasjon av Noreg, men han var òg portrettfotograf.

Anders Beer Wilse var fødd i Flekkefjord som son av stadsingeniør Lauritz Marius Wilse og Karoline Dorothea Beer. Han voks opp i Kragerø, drog til sjøs 13 år gammal og tok eksamen ved Horten Tekniske SkoleKarljohansvern i Horten i 1882.[1]

I 1884 emigrerte han til USA. Her kjøpte han i 1886 sitt første kamera. Han arbeidde både som jernbaneingeniør og kartteiknar, og i 1897/98 etablerte han ei fotografiforretning i Seattle. Han klarte seg godt som fotograf, og i 1901 flytta han og familien attende til Noreg. Her starta han ei fotografisk forretning i Christiania, først i Nedre Slotsgd. 13, flytta seinare til Prindsensgd. 25 og i 1920 til Drammensveien 20, noverande Henrik Ibsens gate. Den siste adressa hadde han deretter så lenge han levde.[1]

I løpet av første halvdelen av 1900-talet reiste Wilse på kryss og tvers over hele Noreg og vart med ein enorm produksjon kjend som landets store landskaps- og turistfotograf. Han fotograferte særleg vakre og talande «postkortmotiv», men òg idyllisk bygdeliv, kjende og ukjende personar. Norsk Folkemuseum og Oslo Bymuseum har store samlingar av Anders B. Wilse sine negativplater. Mange av fotografia er tilgjengelege på internett i Galleri NOR, Nasjonalbibliotekets fotoarkiv. Bileta hans har stor kulturhistorisk verdi. I 1925 vart Wilse tildelt Kongens fortenestmedalje i gull.

Anders B. Wilse gav i 1936 ut boka En emigrants ungdomserindringer.

Wilsearkivet[endre | endre wikiteksten]

I 2014 vart Wilsearkivet frå 1900–1949 ein del av Noregs dokumentarv.[2] Arkivet tilhøyrer Norsk folkemuseum, Nasjonalbiblioteket, Norsk Teknisk Museum, Norsk Maritimt Museum, Oslo Museum, Preus museum og inneheld mellom anna ca. 167 300 negativ, ca. 61 800 originalpositiv av dei rundt 40 000 i album.[3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Anders Beer Wilse i Fotografregisteret.
  2. Wilsearkivet 1900-1949. Kulturrådet (1. desember 2014). Vitja 4. januar 2015.
  3. Nominasjon av Wilsearkivet 1900-1949 (PDF). Vitja 4. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anders Beer Wilse