Anders Behring Breivik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anders Behring Breivik (fødd 13. februar 1979 i Oslo) er ein norsk høgreekstremist som stod bak planlegginga og gjennomføringa av dei to terroråtaka 22. juli 2011; det fyrste mot Regjeringskvartalet i Oslo, det andre mot AUFs sommarleir på Utøya i Tyrifjorden stutt tid etterpå. Straffesaka mot Anders Behring Breivik for desse to åtaka, som han har vedgått å ha gjort, men nekta straffeskuld for, tok til i Oslo tingrett 16. april 2012. Ved dom i tingretten 24. august 2012 vart Breivik kjend straffeskuldig og dømd til forvaring i 21 år, med ei minstetid på 10 år. Korkje Breivik eller påtalemakta anka denne domen.