Anders Buen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anders Johnsen Buen (24. februar 186417. juli 1933) var ein norsk politikar frå Gransherad i Telemark. Han var typograf og sidan journalist, og vart redaktør av Social-Demokraten, hovudorganet til Arbeidarpartiet, frå 1900 til 1903. Etterpå vart han redaktør av arbeidaravisa Ny Tid i Trondheim.

Buen var stortingsmann frå 1906 til 1921. Han var parlamentarisk leiar for Arbeidarpartigruppa frå 1915 til partiet vart kløyvd i 1921. Da vart han leiar for stortingsgruppa til Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, som vart skipa dette året. Han redigerte også avisa Trøndelag Socialdemokrat i dei åra NSA eksisterte, frå 1921 til 1927. Denne avisa gjekk da opp i Arbeideravisa.

Buen var i desse åra ein sterk motstandar av den radikale fløya i Arbeidarpartiet som var leidd av Martin Tranmæl. Han var ein klart reformistisk sosialist, og han støtta Gunnar Knudsen si Venstre-regjering mot Høgre, blant anna under striden om rettskrivingsreforma av 1917.