Anders Celsius

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anders Celsius
Anders Celsius.jpg
Anders Celsius
Fødd 27. november 1701(1701-11-27)
Uppsala i Sverige
Død 25. april 1744 (42 år)
Uppsala i Sverige
Nasjonalitet Svensk
Område Astronomi, fysikk, matematikk, geologi
Kjend for Celsius
Signatur

Anders Celsius (27. november 170125. april 1744) var ein svensk astronom, geodet og geofysikar frå Uppsala, der han i 1730 vart professor i astronomi. Frå 1732 budde Celsius nokre år i Tyskland, Italia og Frankrike. Han var opphavsmann til, og deltakar i, den franske gradmålingsekspedisjon til Lappland, som saman med ein liknande ekspedisjon til Peru fastslo at jorda er flattrykt ved polane.

Han grunnla Uppsala astronomiobservatorium i 1741 og i 1742 føreslo han Celsius-skalaen for temperatur som er kalla opp etter han.

På 1700-talet hadde vitskapsmenn for første gong greidd å laga nøyaktige termometer. Den første i verda som laga eit godt termometer, var Daniel G. Fahrenheit. Men mange, blant dei Celsius, syntest at Fahrenheit-skalaen var for ulogisk. Celsius ville laga ein betre skala for måling av temperatur, og han valde å fastsetja nullpunktet til kokepunktet til vatn under normalt trykk ved havyta. Smeltepunktet for vatn definerte han som 100 °C, og intervallet mellom dei to temperaturane delte han inn i 100 like steg, eller grader.

I 1747 bytte ein om definisjonane, slik at smeltepunktet vart 0 °C og kokepunktet 100 °C, men elles står Celsius sitt arbeid med temperaturskalaen ved lag.

Celsius døydde i Uppsala i 1744, av tuberkulose.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]