Anders Jørgensen Veum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Jørgensen Veum
Fødd13. februar 1836
Fyresdal
Død27. april 1932 (96 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde, telegrafist
Alle verv

Anders Jørgensen Veum (13. februar 183627. april 1932) var ein norsk lærar, telegrafist, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Fyresdal.

Veum var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Kviteseid i 1852 og frå Holt i 1855. Han praktiserte som lærar i eit par års tid. År 1857 avla han telegrafisteksamen i Brevik. Frå då av var han telegrafist i Arendal, deretter var han telegrafstyrar i Risør og frå 1859 hadde han same stillinga på Gjøvik. Han kjøpte i 1861 og dreiv eit gardsbruk i Vardal fram til 1873, då kjøpte han garden Jølsen ved Lillestrøm og busette seg der i 1874. Etter å ha budd i Ullensaker eit par år, slo han seg i 1897 ned i Kristiania. I hovudstaden eigde han fleire bygardar. Han flytta i 1903 vidare til eigedomen Tanum i Brunlanes, eit bruk han hadde kjøpt same året.

Veum var medlem av heradsstyret i Vardal, ordførar i tolv år. Han representerte Kristians amtStortinget frå 1877 til -82. Perioden 1877-79 var han sekretær i budsjettkomiteen, 1880-82 var han sekretær i næringskomite nr 2.

Veum døydde i Brunlanes i 1932.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]