Anders Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anders Jacobsen

Anders Jacobsen (fødd 17. februar 1985) er ein norsk skihoppar frå Hønefoss som representerer Ringkollen SK. Han vann den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07. I fire ulike verdsmeisterskap vann han til saman sju medaljar. Perioden 2007-12 vann han fem noregsmeisterskap.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jacobsen debuterte i verdscupen 24. november 2006 i Kuusamo, Finland, der han overraskande vart nummer tre. Framgangen heldt fram, i desember vann han eit renn i Engelberg. Vel ein månad etter gjennombrotet vart 21-åringen vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka 2006/07, etter å ha gått til topps i to av renna. Seinare i januar vann han eit renn i Willingen. Sesongen under eitt vart han nummer to i verdscupen, bak Adam Malysz.

I gjennombrotssesongen 2007 vann han altså i fire renn i verdscupen, seinare sigra han i eitt renn i 2008 og eitt i 2010. Elles i verdscuprenn erobra han elleve andreplassar og seks tredjeplassar. Si einaste individuelle VM-medalje, ei bronse, vann han i storbakken i Liberec i 2009. I lagtevlingar vann han tre sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar i til saman fire ulike verdsmeisterskap.

Jacobsen melde i juni 2011 atha la hoppskia på hylla, då han hadde gått lei all treninga. Lysta til skihopping kom tilbake vinteren 2012. Fyrst vart han nummer seks i storbakke-NM i Trondheim, før han i slutten av mars tok eit soleklart NM-gull på Voss.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Besteplasseringar i internasjonale renn/verdscupen[endre | endre wikiteksten]

  • 2006/07: Fire sigrar (Engelberg, Innsbruck, Bischofshofen, Willingen), fem andreplassar og to tredjeplassar
  • 2008: Siger i Liberec, ein andreplass og tre tredjeplassar
  • 2009: Tre andreplassar og ein tredjeplass
  • 2010: Vinnar av skiflygingsrenn i Oberstdorf, ein andreplass og ein tredjeplass
  • 2011: Nr 4 i Garmisch-Partenkirchen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 2006: Nr 4 i normalbakken i Heddal
  • 2007: Gullmedalje i normalbakken i Molde, sølvmedalje i storbakken på Lillehammer
  • 2008: Gullmedalje i storbakken og sølvmedalje i normalbakken, begge renna i Trondheim
  • 2009: Nr 4 i storbakken på Lillehammer
  • 2010: Gullmedalje i storbakken i Trondheim
  • 2011: Gullmedalje i storbakken i Oslo
  • 2012: Gullmedalje i normalbakken på Voss

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar