Anders Lysgaard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Lysgaard

Silhuett av Anders Eriksen Lysgaard frå Biri bygdebok
Fødd1756
Tretten
Død24. mai 1827 (71 år)
Statsborgar avNoreg
Partisjølvstendepartiet
Yrkebonde, politikar
Alle verv
Minnebauta over Anders Lysgaard på Biri kyrkjegard.
Foto: Jan-Tore Egge

Anders Lysgaard (175624. mai 1827) var ein norsk gardbrukar, lensmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Øyer.

Lysgaard var fødd på garden Jevne i Øyer, far hans var lensmann. Han gifta seg til storgarden Svennes i Biri, og var gardbrukar der frå 1785. Noko etter vart han lensmann i bygda, og, som det heiter i folketeljinga frå 1801, «fuldmægtig i tømmerhandelen hos cammerherre anker.»[1]

I 1814 var Lysgaard utsending til riksforsamlingaEidsvoll for Kristians amt. Til handsaming i forsamlinga leverte han 5. april 1814, ei veke før forhandlingane tok til, eit forslag «angaaende adskillig konstitutionen og lovgivningen m. m. vedkommende». Her kom han med framlegg i sosiale og økonomiske spørsmål som var mykje for radikale for riksforsamlinga. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte Kristian Fredrik, var òg medlem av den permante vernepliktslovkomiteen. Han høyrde til sjølvstendepartiet.[2]

Lysgaard var representant på det overordentlege storting i 1814. Han var også vald til 1815-16-stortinget, men melde sjukdomsforfall.

Han døydde på garden sin i Biri, og både han og kona vart gravlagde i eit privat likkapell på garden. I 1895 fekk den dåverande eigaren av garden, gjennom kongeleg resolusjon, høve til å slette kapellet. Lika vart då ført til kyrkjegarden i Biri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. digitalarkivet.no, arkivert frå originalen 5. mars 2016, henta 2. juni 2010 
  2. «Anders Lysgaard». Eidsvoll 1814. Henta 5. mars 2017.