Anders Palm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anders Palm (fødd 6. juli 1942 i Malmö) er ein svensk litteraturvitar og lingvist, som har vore professor i litteraturvitskap ved Lunds universitet. Han har gjeve ut ei lang rekkje bøker innan ulike sjangrar, m.a. ordbøker, litteraturanalytiske bøker og songbøker. [1]

Anders Palm har vore ei viktig drivkraft bak Medical Humanities. Konseptet er i dag ein del av den svenske lækjarutdanninga og inneber å sjå menneskekroppen frå eit humanioraperspektiv så vel som eit medisinsk perspektiv. Medical Humanities gjev lækjarstudentane høve til å bruka kunst, litteratur og musikk for å kritisera lækjarrolla og møta med pasientane. Omgrepet Medical Humanities vert også brukt ved lækjarutdanninga m.a. i USA.

For arbeidet sitt med Medical Humanities vart Anders Palm utnemnt til æresdoktor ved det medisinske fakultetet ved Universitetet i Lund. Utnemningsseremonien fann stad i Lund domkyrkje den 27. mai 2011. [2]

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • Kristet, indiskt och antikt i Hjalmar Gullbergs diktning, 1976
  • Möten mellan konstarter, 1985
  • Jag bor vid ett rastställe - Hjalmar Gullbergs landskap i dikt, bild och ton med Lennart Moberg, 1998.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]