Anders Vassbotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anders Vassbotn (16. mai 186830. august 1944) var ein norsk gardbrukar, politikar og forfattar. Han levde mest heile livet sitt i heimbygda Volda på Sunnmøre. Vassbotn var ein føregangsmann for den frilynde ungdomsrørsla, og i oppveksten var han med i det radikale ungdomsmiljøet rundt Synnøve og Per Riste. Anders Vassbotn kan seiast å ha vore «ein talsmann for det finaste i bondekulturen».[1]

Vassbotn debuterte som forfattar i 1891 med diktsamlinga Knuppar – små soger og song, under pseudonymet «Møregut». I alt gav han ut fire diktsamlingar og fem skodespel. Det mest kjende diktet hans er Å leva det er å elska.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Anders Vassbotn voks opp på slektsgarden Vassbotn ved Rotevatnet, aust for bygdesenteret Volda. På slutten av 1800-talet, som var ei tid med endringar i samfunnet, var den frilynde og radikale ungdommen i Volda samla på garden Riste. Der hadde ekteparet Synnøve og Per Riste, saman med Rasmus Steinsvik, skapt eit kultursenter som mellom anna dreiv ein målskule som fekk statsstøtte (frå 1887) og den fyrste lokalavisa på nynorsk, Vestmannen, som var redigert av Steinsvik. Anders Vassbotn vart ein av dei mest framtredande personane i dette miljøet.

Skuleåret 1888–89 gjekk han på Haakon Aasvejen sin folkehøgskule i Hornindal, og då vart han endå sterkare knytt til norskdomsrørsla. Impulsane og tankane han fekk med seg frå både folkehøgskulen og kultursenteret prega han resten av livet. Vassbotn hadde også stor kjærleik til folkehøgskulen.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Etter året på folkehøgskule, flytta han til Bergen i 1890. Der byrja han å arbeide for landsmålforleggjaren Mons Litleré. Han skreiv også mykje i avisene, under pseudonyma «Bjørn Botnen» og «Møregut», men rundt hundreårsskiftet gjekk han over til å skrive under sitt eige namn.

Frå 1891 til 1902 gav han ut fire diktsamlingar og fire skodespel. I mange av dikta er han på dei svake i samfunnet si side, men han skreiv også dikt for ungdomslagsrørsla, nasjonale dikt og dikt som hyllar Sunnmøre og folket der. Han er særleg kjend for diktet «Å leva det er å elska». Då det for fyrste gong vart trykt, i Firda og Sygnafylkets Avis 14. juni 1893, hadde det tittelen «Aa liva» og seks strofer. Vassbotn skar det seinare ned til tre strofene som framleis er populære og mykje brukte i dag. Per Steenberg sette tone til diktet i 1923, og det har sidan vore mykje brukt til allsong. Om lag tretti år etter diktet første gong stod på trykk, ville nemnda som arbeidde med Nynorsk salmebok ha diktet med, men dei stilte spørsmål ved verselinja «å spegla ein himmel av». Dei ville endre denne til «å spegla Guds himmel av». Vassbotn hadde ingen problem med dette, men då han i 1941 hadde diktet med i den siste diktsamlinga si, Mitt heimland, brukte han likevel ordet «ein» i staden for «Guds». Dette var den fyrste boka han gav ut på nesten førti år, og ho inneheld både gamle og nye dikt.

Av skodespela hans var Meinhøve det som vart mest spela. Stykket er lagt til Sunnmøre i 1890-åra og skildrar bondelivet. Dette stykket var lystigare enn dei meir skarpe og kritiske Pinseveir og Nybrotsmenn.

Organisasjonsarbeid og politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå rundt hundreårsskiftet prioriterte han andre gjeremål enn diktinga. Han brukte mykje av tida si på å drive farsgarden, og han hadde mange verv og oppgåver i tillegg. Vassbotn var med då Sunnmøre frilynde Ungdomslag vart skipa i 1894, og sat som styreformann i åra 1896–1898, 1899–1900 og 1902–1904. I tillegg var han styremedlem i Noregs Ungdomslag mellom 1896 og 1898. På årsmøtet i Noregs Ungdomslag i 1899 vart han vald til formann, men han sa frå seg vervet grunna dårleg helse. I staden heldt han fram som styremedlem fram til 1907. Vassbotn var også formann for Sunnmøre Museum frå 1932 til 1933 og formann i styret for Noregs Bank si avdeling i Ålesund i perioden 1933–1938.

Han representerte Venstre i Volda heradsstyre frå 1902, og var der med i ei rekkje nemnder og utval. I perioden 1910–1913 sat han som ordførar. I 1913 vart han vald inn på Stortinget, der han sat til han sa frå seg plassen i 1930. Han var kandidat ved stortingsvala både i 1906 og 1909, men kom då ikkje inn. Tida han sat på Stortinget vert elles rekna som den siste store perioden Venstre har hatt i norsk politikk.

Vassbotn markerte seg ved å gå på talarstolen 25 gonger det fyrste året, noko som var uvanleg for ein ny representant. Han var ein aktiv og respektert representant og ein byggjande politikar. Kulturpolitikk, distriktspolitikk og språkpolitikk var dei saksområda han arbeidde mest med. Kulturpolitikken var det som opptok han aller mest, men arbeidde også mykje for bygde-Noreg og målsaka. I 1914 kom han mellom anna med framlegg om at det skulle lagast ein versjon av forretningsordenen for Stortinget på landsmål. Året etter arbeidde han med å få gjennom målparagrafen i folkeskulelova. Han gjorde også mykje av grunnlagsarbeidet til mållova, som kom i 1930. Vassbotn var formann i universitets- og fagskulekomiteen på Stortinget i perioden 1925–1930 og takka to gonger nei til å verte kyrkjeminister. Han var også medlem av Den Norske Nobelkomite frå 1938 til 1939.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • Knuppar – smaae Sogor og Song (Bergen, 1891, under pseudonymet «Møregut»)
  • Lyng (Voss, 1896)
  • Brodd (Voss, 1897)
  • Mitt heimland – ein diktbundel (1941)

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Pinseveir – spelstykkje i ei akt (Nordfjordeid, 1895, under pseudonymet «Bjørn Botnen»; 2. utg. Kristiania, 1896)
  • Meinhøve – spelstykke (Voss, 1896)
  • Paa leikvollen – spelleik i ei vending (Ørsta, 1900)
  • Nybrotsmenn – spelstykke i tvo bolkar (Ørsta, 1900)
  • Brum og bar – sogur og anna (Voss, 1902)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vassbotn, Anders» i Norsk biografisk leksikon.