Andesitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andesittsøyle i Slovakia

Andesitt er ein lavabergart som hovudsakleg består av feltspat (hovudsakleg plagioklas) og pyroksen, i einskilde typar òg hornblende, biotitt og litt kvarts.

Han er særs utbreidd i aktive vulkanske fjellkjeder og øybogar, mellom anna i Andesfjella, Japan og Aleutane. Han er òg kjent i Noreg, mellom anna frå ordovicium i Trondheimsfeltet.

Den tilsvarande djupbergarten er dioritt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Andesitt» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.