Andikýthira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andikýthira
Lokalt namn: Αντικύθηρα
Geografi
Andikýthira is located in Hellas
Plasseringa til Andikýthira i Hellas
Stad Det joniske havet
Koordinatar 35°52′N 23°18′EKoordinatar: 35°52′N 23°18′E
Øygruppe Dei joniske øyane
Areal 20,43 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Øyane
Demografi
Folketal 68 (2011)
Folketettleik 3,3 /km²

Andikýthira (gresk Αντικύθηρα) eller Antikythera er ei øy i Dei joniske øyane i Hellas. Øya var tidlegare eigen kommune, men frå 2011 er ho ein del av Kýthira kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.

Øya ligg 38 km søraust for Kýthira og har eit areal på om lag 20 km². Ho er forma som ein rombe og er 10,5 km frå nordvest til søraust og 3,4 km frå nordaust til sørvest. Ho er kjend for oppdaginga av Andikýthiramekanismen, som i 1902 vart funne i Andikýthiravraket.

Hovudbusetnaden og hamna heiter Potamós. Andikýthira vert sporadisk vitja av ferjer som går mellom Pireus og KíssamosKreta.

Mellom 300-talet fvt. og 1. hundreåret fvt. vart øya nytta som base for ei gruppe sicilianske sjørøvarar før dei vart utrydda av Pompeius. Ein kan framleis sjå festninga deira på ein klippe nordaust på øya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Dei joniske øyane

Kérkyra • Erikoússa • Mathráki • Othoní • Paxí • Andípaxi • Levkáda • Kálamos • Kastós • Meganísi • Skorpiós • Itháki • Arkoúdi • Átokos • Drakonéra • Pístros • Prováti • Pontikós • Petalás • Vromónas • Mákri • Oxía • Kefaloniá • Zákynthos • Strofádes • Kýthira • Andikýthira  • Elafónisos