Andikhásia
| Andikhasia Αντιχάσια |
|
|---|---|
| Høgd over havet | 1 416 moh. |
| Ligg i/på | Nordvest i Hellas |
| Fjellkjede | Píndos |
Andikhásia (gresk Αντιχάσια), òg kalla Antikhassia, Antihasia og Antihassia, er eit fjell nord i periferieiningane Tríkala og Lárisa i Thessalía i Hellas. Fjellet er ein del av fjellkjeda Píndos. Fjellet er 1 416 meter høgt og er om lag 40-50 km langt frå aust til vest og 15-20 km breitt frå nord til sør. Elva Piniós renn sørvest for fjellet.
Fjellet har gjeve namn til kommunen med same namn vest i Lárisa.
Skogar dominerer dei lågareliggande områda av fjellet og inneheld furu og gran. Dalområde, grassletter, buskar og bare område dominerer dei høgareliggande områda. Rundt fjellet ligg landsbyar og skogsvegar, i tillegg til ein del turstiar.
Frå toppen av fjellet kan ein sjå Khásiafjella i nord, fjella nordvest i Lárisa, Den thessaliske sletta og nokre nærliggande fjell og dei sentrale Píndosfjella, som Lákmos.
[endre] Næraste stader
- Oxýnia, nordvest
- Agiófyllo, nordvest
- Tsioúka, nordaust
- Agreliá, søraust
- Koniskós, sør
- Vlakháva, sør
- Trygóna, sørvest
- Pévka, sørvest
[endre] Stader i fjellet
- Flambourési, sentralt
- Gávros, sentralt
- Longá, aust
- Mavréli, søraust
- Skepári, sentralt
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Antichasia frå Engelsk Wikipedia .