Andor Lilienthal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andor Lilienthal ved sjakkolympiada i Torino 2006

Andor (Andre, Andrea) Arnoldovitsj Lilienthal (5. mai 19118. mai 2010), var ein ungarsk stormeister i sjakk.

I den lange karrieren han hadde, spelte han mot 10 verdsmeistrar i sjakk, og slo 6 av dei, verdsmeistrane Emanuel Lasker, José Raúl Capablanca, Alexander Alekhine, Max Euwe, Mikhail Botvinnik og Vasilij Smyslov.

Lilienthal, som døydde 3 dagar etter at han fylte 99 år, er den stormeisteren i sjakk som har levt lengst. Han var aktiv og ved god helse i svært høg alder, køyrde bil då han var 94, og skreiv artiklar for sjakktidsskrift.

Innhaldsliste

Sjakkarriere [endre]

Lilienthal vart fødd i Moskva av ungarsk jødiske foreldre, og flytta til Ungarn då han var to år gamal. Han spelte for Ungarn i tre sjakkolympiadar (lag-VM i sjakk) i 1933, 1935 og 1937. Han emigrerte til Sovjetunionen i 1935, og vart sovjetisk statsborgar i 1939. Lilienthal spelte i Sovjetmeisterskapen i sjakk åtte gongar, det beste resultatet var ein førsteplass delt med Igor Bondarevskij i 1940. Han kvalifiserte seg for Kandidatturneringa ein gong, i 1948.

Lilienthal vart tildelt tittelen stormeister i sjakk i 1950, og var dermed blant dei første 27 sjakkspelarane som vart stormeister då Verdssjakkforbundet begynte å dele ut denne tittelen.

Frå 1951 til 1960 var han trenar for Tigran Petrosjan. Lilienthal vart venn med Vasilij Smyslov i 1938, og var Smyslov sin sekundant i tvekampane om verdsmeisterskapen i sjakk mot Mikhail Botvinnik i 1954, 1957 og 1958. Han avslutta si aktive karriere som turneringsspelar i 1965 og flytta tilbake til Ungarn i 1976.

Eit minneverdig parti [endre]

Lilienthal er ein av dei få spelarane som har lik skår med Capablanca. Her er vinsten mot Capablanca i Hastings i 1935:

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]