Andorra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Principat d'Andorra (Fyrstedømet Andorra)

(norsk: Andorra, andorransk)

Det andorranske flagget Det andorranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «El Gran Carlemany»
Motto Virtus Unita Fortior (latin, samla dygd er sterkare)
Geografisk plassering av Andorra
Offisielle språk Katalansk
Hovudstad Andorra la Vella
Styresett
Katalansk samfyrste
Fransk samfyrste
Statsminister
Konstitusjonelt fyrstedøme
Joan-Enric Vives i Scília
François Hollande
Antoni Martí
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
468 km² (181.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
85 082 (188.)
181,8 /km² (49.)
Sjølvstende
1278
Nasjonaldag 8. september
BNP
 – Totalt (2003)
 – Per innbyggjar
 
1,9 mrd USD (est.) (—.)
26 800 USD (—.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +1
Telefonkode +376
Toppnivådomene .ad


Andorra, offisielt Fyrstedømet Andorra, er eit lite land som ligg mellom Frankrike og Spania i den austlege delen av fjellkjeda Pyreneane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Andorra er det einaste gjenverande av mange små sjølvstendige rike som fanst i Pyreneane i mellomalderen. I følgje tradisjonen skal det ha blitt grunnlagd av Karl den store. Overherredømet blei delt likt mellom biskopane av Urgel og grevane av Foix i 1278; dei sistnemnde blei sidan òg kongar av Navarra og gjennom Henrik IV kongar av Frankrike. Vern frå to jamsterke konkurrentar var den eigentlege årsaka til at Andorra kunne halda på sjølvstendet.

Det første valet i landet, med avgrensa røysterett, blei halde i 1933. I 1993 fekk landet ein ny grunnlov som gav den reelle makta til eit folkevald generalråd som utnemner regjeringar. Dette året blei Andorra endeleg òg medlem av SN og Europarådet, og frå då av har dei to fyrstane, presidenten av Frankrike og biskopen av Urgel, berre hatt seremonielle oppgåver.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Innfødde andorranarar er i mindretal i sitt eige land, og utgjer berre ein tredel av innbyggjarane. Spanjolar er den største folkegruppa i landet, og utgjer 43 % av befolkninga. Portugisarar (11 %) og franskmenn (7 %) utgjer andre store minoritetar i landet.

Katalansk er det offisielle språket i landet, og kulturen har mange trekk til felles med den omkringliggjande katalanske. Den største religionen er katolisisme.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Andorransk fjellandskap nær grensa til Frankrike.
For meir om dette emnet, sjå Andorransk geografi.

Med ei flatevidd på 468 km² er landet eitt av verdas minste. Mesteparten av Andorra er kupert fjellterreng, og landet har ei gjennomsnittshøgd over havet på 1 996 meter. Tre smale dalar går saman til Valiraelva, som er det lågaste punktet i Andorra med 870 meter over havet. Elva går vidare inn i Spania.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Andorra har eit alpint klima med kalde vintrar og forholdsvis varme somrar. Vintertemperaturen er kring 0 °C, medan temperaturen om sommaren sjeldan går langt over 20 °C. Årsnedbøren ved Les Escaldes er kring 800 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andorra