André Beauneveu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
André Beauneveu

Statsborgarskap De sørlige Nederlandene
Fødd ca. 1330-åra
Valenciennes
Død

1400-åra
Bourges

Yrke kunstmålar, bilethoggar, miniatyrmaler
André Beauneveu på Commons
Alabastfigur av helgenen Katarina

André Beauneveu var ein bilethoggar, bokmålar og byggmeister, aktiv i Frankrike mot slutten av 1300-talet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Beauneveu vert fyrste gongen nemnd i året 1363, då han tok del i bygginga av ei kyrkje i Valenciennes, ein by som kanskje var fødestaden hans. Året etter vart han kalla til Paris av kong Karl V for å lage fleire kongelege gravminne ved Saint-Denis-klosteret.

Tidlegast i 1374 fekk Beauneveu oppdraget med å forme gravminnet over greven Ludvig II av Flandern, gravkapellet var då allereie bygt. I dag eksisterer berre ein alabastfigur av helgenen Katarina, av det som ein gong var eit omfattande biletverk.

Frå 1386 var Beauneveu i teneste hos hertugen av Berry, Jean de Valois. År 1388 vart han forflytta til Bourges, residensbyen til hertugen. Ved hoffet fekk Beauneveu posisjonen som meister for kunsten. Dermed vart det hans oppgåve å leie den kunstnariske utsmykkinga av interiøret på Mehun-sur-Yèvre-slottet. Samstundes leia han arbeidet med å forme glasmåleria og skulpturane i helgenkapellet i Bourges. Han laga i desse åra også eit framifrå illuminert bokverk som ber namnet Psalteret til Jean de Berry.

Truleg døydde han mellom 1400 og 1403.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]