André Gide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
André Gide

André Gide, fødd 22. november 1869 i Paris, død 19. februar 1951, fransk forfattar og nobelprisvinnar.

Gide hadde ein streng religiøs oppvekst. Spenninga mellom asketisme og livsnyting vart eit grunndrag i André Gides produksjon. Han debuterte i 1891 med Les cahiers d'André Walter. Hans sjølvbiografi frå 1946 og hans dagbøker (utgitt i 1939, 1942 og 1950) gir innblikk i Gides kompliserte personlegdom. Han er brorson til nationaløkonomen Charles Gide. I 1947 vart han tildelt Nobelprisen i litteratur med følgjande grunngiving: "för hans vittomfattande och konstnärligt betydelsefulla författarskap, i vilket mänsklighetens frågor och villkor ha framställts med oförskräckt sanningskärlek och psykologisk skarpsyn".

I 1895 gifta han seg med Madeleine Rondeaux. På grunn av si homoseksuelle legning levde dei aldri i eit fullbyrda ekteskap.

Utvald bibliografi (norske titlar)[endre | endre wikiteksten]

  • L'Immoraliste (1902) (Den umoralske)
  • La Porte étroite (1909) (Den trange port)
  • Les Caves du Vatican (1914)
  • La Symphonie pastorale (1919) (Hyrden)
  • Corydon (1924, essays)
  • Si le grain ne meurt (1924, sjølvbiografi)
  • Les Faux-monnayeurs (1925) (Falskmyntnerne)
  • Voyage au Congo (1927, reiser)
  • Retour de l'U.R.S.S. (1936, reiser)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

André Gide i Libris

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: André Gide