André Malraux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fil:Rafael Squirru avec André Malraux.jpg
André Malraux (i midten) i 1959 saman med den argentinske poeten Rafael Squirru.

André Malraux, (3. november 190123. november 1976), det fulle namnet hans var Georges André Malraux, var ein fransk eventyrar, forfattar, intellektuell og politikar, fødd i 53 rue Damrémont i Paris og død i Créteil (Val-de-Marne). I 1996, på tjueårsdagen for hans død, vart oska hans overført til Panthéon, ei kyrkje i Paris som vart bygd for å hyse leivningane etter den heilage Geneviève, og som seinare har vorte kyrkje for å heidre folk som har markert seg i fransk soge.

André Malraux var hovudsakleg sjølvlærd, og full av eventyrlyst. I 1923 reiste han saman med hustrua si til den dåverande franske kolonien Fransk Indokina, der han og ein kamerat reiv laus sju antikke steinstatuar frå tempelet Banteay Srei i Angkor, den gamle hovudstaden i Khmerimperiet, for å selje statuane til ein samlar. Båe vart arrestert då dei kom til Phnom Penh i slutten av desember 1923, og Malraux vart 28. oktober 1924 dømd til tre år i fengsel, kameraten til halvanna år. Men etter eit diplomatisk arrangement kunne Malreux likevel returnere til Paris allereie i november 1924. I 1925 reiste han attende til Indokina og skipa ei avis, L'Indochine, som fremja antikolonialistiske idear og seinare fekk namnet L'Indochine enchaîné («Indokina i lekkjer»). På slutten av 1925 drog han frå landet att.

I 1929 vart han kunstnerisk direktør i bokforlaget éditions Gallimard. Saman med si hustru Clara gjorde han fleire turar i Austen frå 1929 til 1931. I 1931 kom romanen La Voie royale som er sterkt inspirert av desse hendingane. Han utgav Calligrammes av poeten Guillaume Apollinaire og skipa Galerie de la NRF. Same året stod han for fleire utstillingar med asiatisk kunst av ymse slag, og vitja Burma, Singapore, Hong Kong, Kina, Japan, Canada og Sambandsstatane på ei reise verda rundt finansiert av forleggjar Gaston Gallimard.

Frå 1933 kjempa han mot fascismen og nazismen. På det første møtet i l'Association des écrivains et artistes révolutionnaires (Samanslutninga av revolusjonære forfattarar og kunstnarar), leia av forfattaren André Gide, tala han til føremon for Dimitrov, som var skulda for å ha sett fyr på den tyske riksdagsbygningen, og reiste i 1934 saman med Gide til Berlin for å freiste å få Dimitrov sett fri. Seinare reiste han mellom anna saman med si hustru Clara i Sovjetunionen, gav intervjuer i avisa Pravda og møtte Josef Stalin, forfattarane Maksim Gorkij, Esenstein og Boris Pasternak. I mars 1936 reiste han på nytt ei stutt tid i Sovjetunionen og møtte Maksim Gorkij rett før han døydde.

André Malraux tok i 1936-1937 del i kampane på republikansk side under den spanske borgarkrigen. I mars 1944 slutta han seg til den franske motstandskampen mot den tyske okkupasjonen, og var med i kampane under frigjeringa av Frankrike. Etter krigen vart han tilhengjar av general Charles de Gaulle og spelte ei politisk rolle i Le Rassemblement du peuple français (RPF), ei politisk rørsle som general de Gaulle skipa 14. april 1947. Han var frå 1959 til 1969 kulturminister i general de Gaulles regjering.

I tillegg til romanar som hentar stoff og inspirasjon frå André Malrauxs mange opplevingar i framande land, har han publisert fleire arbeid om kunst, som til dømes Le Musée imaginaire eller Les Voix du silence (1951).

Bibliografi, utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1974 – Lazare
  • 1971 – Des Chênes qu'on abat
  • 1967 – Antimémoires (sjølvbiografi)
  • 1951 – Les Voix du silence
  • 1947-1949 – La Psychologie de l'art
  • 1937 – L'Espoir (norsk omsetjing: Håpet,1938)
  • 1935 – Le Temps du mépris
  • 1933 – La Condition humaine (norsk omsetjing: Menneskets lodd, 1934; omsetjing ved Else og Gunnar Høst, Gyldendal, [Oslo] 2000, ISBN 82-05-27539-4 )
  • 1930 – La Voie royale
  • 1928 – Les Conquérants
  • 1928 – Royaume-Farfelu
  • 1926 – La Tentation de l'Occident
  • 1923 – Lunes en Papier

Bøker om forfattarskapen[endre | endre wikiteksten]

  • Hoftun, Sigmund. 1973. Fransk treklang : Pierre Corneille, Leconte de Lisle, André Malraux. Oslo: Gyldendal. ISBN 82-05-06076-2
  • Hoftun, Sigmund. 1967. André Malraux og menneskets verdighet. Oslo: Gyldendal.