André N. Skjelstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå André Nikolai Skjelstad)
André Nikolai Skjelstad (fødd 27. august 1965 i Trondheim) er ein norsk politikar (Venstre). Han var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag frå 2005 til 2009.
Skjelstad er fødd i Trondheim og oppvaksen på Verrastranda i Verran kommune, der han er gardbrukar. Han har utdanning frå forsvaret og landbruksfagleg utdanning. Sidan 1995 sit han i kommunestyret i Verran. Sidan 2001 er han leiar for Nord-Trøndelag Venstre. I 2005 vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat frå Nord-Trøndelag, og satt i Arbeids- og sosialkomiteen fram til han tapte attval i 2009.
Skjelstad er gift og har fire born.