Andre juledag
Andre juledag er den 26. desember og ein heilagdag i den kristne kyrkja.
Dagen er vigd Sankt Stefanus, den første martyren i kyrkja. Den liturgiske fargen for denne dagen er raudt, medan fargen for juledagen og resten av jula er kvitt.
I kyrkjer som høyrer til Den norske kyrkja og som ikkje har hatt gudsteneste juledagen, vel mange prestar å preike over juledagstekstane i staden for å markere Stefanusdagen. Dette gjeld spesielt i distrikta, der fleire kyrkjelyder delar ein prest. På større stader er det ofte dåpsgudsteneste Andre juledag.
2. juledag er dagen for dei store familiesamankomstane, sjå elles jul.
Boxing Day [endre]
I England vert annan juledag feira som «Boxing Day». Namnet kjem av at denne dagen vart boksane med gåver til dei fattige opna, og innhaldet delt ut.[1] Denne dagen vert det spelt full runde i Premier League, og slik har «Boxing Day» òg vorte eit omgrep blant norske fotballentusiastar.