Andrea Gabrieli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Andrea Gabriel)
Andrea Gabrieli
Føddca. 1532
FødestadVenezia i Italia
Død30. august 1585
DødsstadVenezia i Italia
OpphavRepublikken Venezia
SjangerRenessansemusikk
InstrumentOrgel
Verka somOrganist og komponist

Andrea Gabrieli (fødd kring 1535 i Venezia, død 30. august 1586 i Venezia) var ein italiensk organist og komponist. Han vart rekna som den viktigaste komponisten i Den venetianske skulen og er i det heile ein av dei viktigaste komponistane i renessansen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Gabrieli var elev av nederlendaren Adrian Willaert som var kapellmeister i Markuskyrkja, og var frå 1536 songar i kyrkja. Seinare var han ein periode hos Vincenzo Ruffo i Verona, men frå 1566 var han tilbake i Markuskyrkja, no som andreorganist. Frå 1585 og fram til han døydde hadde han stillinga som som førsteorganist i Markuskyrkja, ei av dei mest prestisjefylte musikkpostane i Nord-Italia.

Seint i karrieren vart han ein etterspurt lærar. Nevøen Giovanni Gabrieli var ein av hans mest framståande elevar, og Andrea påverka dermed indirekte eleven til Giovatni, Heinrich Schütz. Ein annan framståande elev var Hans Leo Hassler.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Andrea Gabrieli var ein produktiv og allsidig komponist som skreiv store mengder geistleg og sekulær vokalmusikk, musikk for blanda grupper songarar og instrument, og reine instrumentalverk. Mykje var skriven det store og resonante rommet i Markuskyrkja.

Den tidlege stilen hans var påverka av Cipriano dei Rore, og madrigalane til Gabrieli er typiske for stilen på midten av 1500-talet. Men sjølv i den tidlegaste musikken sin føretrekte han homofone teksturar ved klimakset i musikken, eit trekk som peikar framover den seinare storslåtte stilen hans. Etter at han kom i kontakt med Orlando di Lasso i 1562 endra stilen seg, og nederlandsk musikk vart den sterkaste inspirasjonskjelda hans.

Då Gabrieli starta å arbeide i Markuskyrkja vendte han seg etterkvart vekk frå kontrapunktikken til den flamske skulen som hadde dominert musikken så langt på 1500-talet. I staden starta han å blande grupper beståande av instrument og kor som spelte antifont i det store kyrkjerommet. I musikken han skreiv på denne tida repeterte han fraser med forskjellige kombinasjonar av stemmer i ulike tonehøgder. Han anga ikkje instrumenteringa eksplisitt, men den kan utleiast. Musikken han skapte var unik for si tid og definerte den venetianske stilen for neste generasjon.

Det kan sjå ut som Andrea Gabrieli var lite villig til å publisere sin eigen musikk, for det meste er publisert av nevøen Giovatni etter onkelen døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Andrea Gabrieli

Notar[endre | endre wikiteksten]