Andrea Henkel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea Henkel


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 10. desember 1977 (46 år)
Ilmenau
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 2002

Utmerkingar

Silbernes Lorbeerblatt, Holmenkollmedaljen

Andrea Henkel (fødd 10. desember 1977) i Ilmenau i Thüringen i Tyskland, (DDR)) er ein tysk skiskyttar. Ho er to gonger olympisk meister og ein gong verdsmeister i skiskyting.

Henkel voks opp i Großbreitenbach i Thüringen, og stod på langrennsski første gong som fireåring. Ho lærte å stå på ski i vintersportsområdet Oberhof, og byrja på sportsgymnas der i 1991. Ho vart fleire gonger junior-verdsmeister og -europameiser. I 1996 tok ho abitur (artium) og gjekk inn i den tyske hæren si sportsavdeling.

I OL i Salt Lake City i 2002 vann ho to gull, på 15 km og med stafettlaget. Ho hadde frå før sølv i VM frå 2000 og 2001 i stafett. I 2005 vart ho verdsmeister på 15 km i Hochfilzen - hennar fjerde verdscupsiger. I 2011 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen.

Andrea Henkel er søster til Manuela Henkel, som er olympisk meister på stafett i langrenn frå 2002.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(per 28. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • Beste plassering: 1. plass (2006/07); 5. plass (1999/2000 og 2000/01)
  • Verdsmeisterskap:
    • 6 gull (15 km (2005); fellesstart og stafett (2007); sprint, jaktstart og stafett (2008)), 3 sølv
  • Olympiske leikar:
    • 2 gull (15 km og stafett, 2002), 1 sølv
  • Verdscuprenn:
    • 14 gull, 11 sølv, 8 bronse

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]