Andrea Luchesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea Luchesi
Statsborgarskap Republikken Venezia, Kurfyrstedømet Köln
Fødd 23. mai 1741
Motta di Livenza
Død

21. mars 1801 (59 år)
Bonn

Yrke organist, komponist, dirigent
Språk italiensk

Andrea Luchesi eller Lucchesi (23. mai 174121. mars 1801) var ein italiensk komponist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I Italia[endre | endre wikiteksten]

Andrea Luchesi vart fødd i ein barneflokk på elleve i småbyen Motta di Livenza nær Treviso, nordaust i Italia. Han voks opp i fødebyen og fekk musikkundervisning av den eldre broren Matteo som verka som prest, lærar og organist.

I 1757 flytte Andrea Luchesi til Venezia, der han fekk studera under fleire framståande musikarar, m.a. Ferdinando Bertoni og Baldassare Galuppi. I 1764 var han blitt organist i San Salvatore-kyrkja, og komponerte verk for både orgel og cembalo, til bruk i teater som kyrkjemusikk eller reine instrumentale verk. Han komponerte også til offisielle tilstellingar, t.d. i gravferda etter hertugen av Montealegre, den spanske ambassadøren i Venezia. Luchesi var ein dyktig organist, og vart også invitert til å spela utanfor byen, m.a. ved innviinga av det nye orgelet i basilikaen i Padova.

Våren 1765 vart ein av operaene hans, L'isola della fortuna framført på Hoftheater i Wien. Ved eit høve i 1771, møtte Luchesi Leopold og Wolfgang Amadeus Mozart i Italia, og foræra dei ein cembalokonsert, som vart brukt av W.A. Mozart og familien hans seinare. På slutten av 1771 vart Luchesi invitert til Bonn av kurfyrste Maximilian Friederich, erkebiskop av Köln for å spela i hoffkapellet hans. Då den førre kapellmeisteren, Ludwig van Beethoven sr. avgjekk med døden, vart Luchesi offisielt ny kapellmeister i 1774.

I Bonn[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha blitt borgar i fyrstedømet, gifte han seg med Anthonetta Josepha d'Anthoin i 1775. Han forlét ikkje byen i åra som fylgde, bortsett frå ei vitjing til Venezia i 1783-84. Den unge Ludwig van Beethoven, barnebarn til den førre kapellmeisteren, oppheldt seg på hoffkapellet frå 1781-1792 der han assisterte med å spela cembalo, orgel og bratsj. Me har likevel ingen kjelder som syner at Luchesi faktisk underviste Beethoven i denne tida. Derimot underviste han Anton Reicha, Bernhard Romberg, Andreas Romberg og Ferdinand Ries. Luchesi vart nøydd til å slutta som kapellmeister i 1794, då franske troppar invaderte fyrstedømet under revolusjonskrigane. Andrea Luchesi døydde i Bonn i 1801. Han etterlét seg fire søner og ei dotter; fleire av dei var flinke musikarar.

Dei viktigaste verka Luchesi komponerte, er fleire operaer, eit oratorium (1768), Stabat Mater (1770), ei rekviem-messe (1771), talrike orgelverk og orgelsonater, fleire andre sonater og to symfoniar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]