Andrea Orcagna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein statue i Firenze som førestiller Andrea Orcagna
Matteus, med hendingar i livet hans, ca 1367
Tabernaklet i Orsanmichele

Andrea di Cione (ca 13201368), kjend som Andrea Orcagna, var ein framståande florentinsk målar, bilethoggar og arkitekt kring midten av 1300-talet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Orcagna var som målar ein etterfylgjar av Giotto. Gjennom sine verk lukkast han å motverke den forflatinga som Giotto-stilen hadde utvikla etter målaren var død. I året 1352 vart Orcagna medlem i lauget til bilethoggarane, som då arbeidde med stein. Saman med dei yngre brørne sine; Jacopo, Matteo og Nardo dreiv han ein blomstrande verkstad i Firenze, den aller fremste i samtida.

Einaste måleriet som ein visse veit er måla av Orcagna, finst i kyrkja Santa Maria Novella i Firenze. Det er eit altarbilete datert 1357, med Kristus som gjev nøklar og bibel til sankt Peter og Thomas Aquinas. Same kapellet er utsmykka med freskar laga av bror hans, Nardo di Cione. Størstedelen av freskane Orcagna måla i basilikaen Santa Croce er gått tapt. Partiet over Dødens triumf er derimot bevart. Kjensla av å vere fortapt, som prega folk i tida etter pest-katastrofen, stig tydeleg fram i måleriet.

Orcagna var ein av arkitektane på Orsanmichele i Firenze, og på Loggia dei Lanzi. Frå 1356 var han tilsett som leiande arkitekt for Orsanmichele. År 1358 kalla bror hans, Matteo, han tilbake til Orvieto, for der å ta del i reisinga av den lokale katedralen. I 1364 var han atter i arbeid i Firenze.

Bilethoggaren Andrea Orcagna har forma tabernakelet inne i Or San Michele, datert 1359. Dette verket i reint florentinsk gotikk syner ei fornya kjensle for plastikk og eit særmerkt talent for bruken av det romlege. Relieffet på baksida er eit forvarsel om utviklinga av florentinske skulptur på 1400-talet.

I året 1368 overlet Andrea Orcagna, grunna sjukdom, broren Jacopo å vidareføre arbeidet med ei altartavle. Ganske visst døydde han i Firenze allereie same året.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andrea Orcagna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!