Andrea Pirlo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andrea Pirlo
Andrea Pirlo in Juventus.jpg
Personleg informasjon
Namn Andrea Pirlo
Fødselsdato 19. mai 1979 (35 år)
Fødestad Viterbo i Italia
Høgd 190 cm
Posisjon Midtstoppar
Klubbinformasjon
Spelar for Juventus
Draktnummer 21
Ungdomsklubb
1994-95 Italia Brescia
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995-98
1998-2001
1999-2000
2001
2001-11
2011-
Italia Brescia
Italia Inter
Italia Reggina (lån)
Italia Brescia (lån)
Italia Milan
Italia Juventus
47 (6)
22 (0)
28 (6)
10 (0)
284 (32)
99 (12)
Landslag**
1998-2002
2000-04
2002-
Italia Italia U21
Italia Italia OL-lag
Italia Italia
37 (15)
9 (1)
108 (13)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 18. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 18. november 2013.

Andrea Pirlo (fødd 19. mai 1979) er ein italiensk fotballspelar, frå Brescia. Sidan sommaren 2011 har han spela for den den italienske klubben Juventus, men er best kjend for sine mange sesongar i AC Milan. Pirlo var med på Italias landslag som vann verdsmeisterskapen i fotball 2006. Med Milan vann han to seriemeisterskap og to Meisterliga-titlar. For Juventus vart han seriemeister i 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Pirlo debuterte for Brescia i 1994 og spela for klubben i hembyen til 1998. Mellom 1998 og 2001 spela han for Inter, Reggina og Brescia, dei to siste klubbane på utlån. Frå 2001 spela han ti sesongar for AC Milan. Her var han med å vinne Meisterliagen i 2003 og 2007, og Serie A i 2004 og 2011. Sommaren 2011 gjekk han til Juventus og vart serievinnar allereie i sin fyrste sesong i klubben.

Pirlo fekk sin debut på Italia sitt landslag i 2002. Han var med i EM 2004, same sommaren var han med på laget som tok bronse under OL 2004 i Athen. Under VM-finalen 2006 spela han ei dominerande rolle på midtbana då Italia vart verdsmeistrar etter å ha vunne straffetevlinga i 1-1 i kampen mot Frankrike, og vart kåra til den beste spelaren i kampen. Gjennom Fotball-EM 2012 var han den viktigaste spelaren for eit italiensk landslag som nådde finalen i meisterskapen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andrea Pirlo

Andrea PirloFIFA si offisielle heimeside