Andrea del Castagno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea del Castagno

Fødd ca. 1420
San Godenzo
Død

19. august 1457 (37 år)
Firenze

Yrke kunstmålar
Språk italiensk
Andrea del Castagno på Commons
David, ca 1450
Det siste måltidet, 1447

Andrea del Castagno (ca 142119. august 1457) var ein italiensk målar under ungrenessansen, hovudsakleg påverka av Masaccio og Giotto.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Andrea del Castagno var fødd i Castagno, ein landsby nær Monte Falterona ved Firenze. Lite er kjent om utdanninga hans, men han skal ha vore lærling hos Fra Filippo Lippi og Paolo Uccello. Under krigen mellom Firenze og Milano budde han i Corella. Då krigen var over reiste han tilbake til heimen sin.

Verna av Bernadetto de' Medici flytta han i 1440 til Firenze. Her måla han på fasaden av Palazzo del Podestà bileta av dei hengde taparane etter slaget ved Anghiari. I 1440-41 fullførte han freskane av Korsfesting og helgenar, perspektiva og figurane i arbeida syner påverknad frå Masaccio. I 1442 var han i Venezia, der han fullførte freskane i San Tarasio-kapellet i San Zaccaria-kyrkja. Seinare arbeidde han også i Markuskyrkja, der han fullførte freskomåleriet Jomfru Marias død (1442–43).

Tilbake i Firenze forma han eit glasmåleri med Nedtakinga frå krossen for den lokale kyrkja Santa Maria del Fiore. Den 30. mai 1445 vart han medlem av Medici-lauget. Frå same året stammar fresken Madonna med barn og Santi. Dei seinare arbeida hans omfattar freskar i det dåverande klosteret Sant'Apollonia i Firenze frå 1447, og det måla monumentet av Niccolò da Tolentino i 'Santa Maria del Fiore' i Firenze, laga i 1456.

Gjennom strengt å prioritere modellteikning og det taktile, eit typisk drag for tidlege florentinske målarar og skulptørar, kom Castagno sine verk til å spele ei viktig rolle for seinare målarar i Firenze. Mellom desse finn ein folk som Luca Signorelli, Leonardo og framfor alt Michelangelo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]