Andrea del Sarto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett
Harpiemadonnaen, 1517

Andrea del Sarto (16. juli 148629. september 1530) i Firenze var ein italiensk målar under renessansen. Han vart fødd i Gualfonda ved Firenze som Andrea d’Agnolo di Francesco di Luca di Paolo del Migliore.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Han var son til ein skreddar, noko som var grunnen til at han fekk tilnamnet Sarto. Han gjekk fyrst i lære hos ein gullsmed. Ein målar vart merksam på kor dyktig han var til å teikne, og ordna det så han fekk plass hos teiknaren og målaren Piero di Cosimo. Seinare arbeidde Sarto ein stund hos Franciabigio, men han tok meir etter Leonardo, Michelangelo og Fra Bartolommeo. Stilane til desse målarane sameina han i sitt eige uttrykk, som sterkt understrekar fargen utan å forsømme forma og biletstrukturen.

Frå 1509 til 1514 måla Andrea del Sarto på oppdrag frå servittordenen. Han laga freskar i Sant 'Annunziata-kyrkja i Firenze, med motiv frå livet til Filippo Benizzi, om tilbedinga av frelsaren og Maria møy og jomfrufødselen. Mellom 1515 og 1526 arbeidde han på ein syklus om livet til Johannes døyparen. Desse verka er prega av frisk naturlegheit, jakta på varierte eigenskapar, dyktige arrangement og grupperingar, harmoniske fargar og grasiøs samansetning kombinert med fin teikning.

Han døydde i Firenze.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Andrea del Sarto

Kjelder[endre | endre wikiteksten]