Andrea del Verrocchio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrea del Verrocchio

Statsborgarskap Den florentinske republikk
Fødd 1435, 1435
Firenze
Død

7. oktober 1488 (53 år)
Venezia

Yrke kunstmålar, gullsmed, bilethoggar, biletskjerar, arkitekt, musikar, bygningstegner, bronseskulptør
Sjanger portrett, religiøs kunst, akt, figure, dyrekunst
Andrea del Verrocchio på Commons

Andrea del Verrocchio, opphavleg Andrea di Michele di Francesco de' Cioni, (143510. oktober 1488) var ein italiensk skulptør, gullsmed og kunstmålar. Ein reknar med at han påverka Leonardo da Vinci, Lorenzo di Credi og Perugino, som alle var nokre av elevane hans. Andrea del Verrocchio var verksam under ungrenessansen i tida som blir rekna quattrocento.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Kristi dåp, 1472-75
Kristus og den tvilande Tomas (1476-83), Orsanmichele i Firenze

Verrocchios var fødd i Firenze. Far hans, Michele di Cione, arbeidde som kakkel- og teglmakar, og seinare òg som skatteinndrivar. Sonen byrja som gullsmed i verkstaden til Francesco di Luca Verrocchi. Verrocchio kan ha vore lærling saman med Donatello. Dei første, kjende måleria laga han truleg på 1460-talet, då han arbeidde i Prato ved sida av Filippo Lippi.

Andrea del Verrocchio gifta seg aldri, og trong økonomisk stønad frå familiemedlemmar. Ryet hans vart betra då han vart tilsett ved hoffet hos huset Medici, som han vert verande hos, til han flytta til Venezia.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Det einaste signerte måleriet av Verrocchio er Madonnaen med barnet, som no finst i katedralen i Pistoia. Rundt 1465 byrja han å arbeide i det gamle sakristiet 'Sagrestia Vecchia' i basilikaen San Lorenzo i Firenze. Mellom 1465 og 1467 omforma han gravmonumentet over Cosimo de' Medici. År 1472 laga han gravmonument til Piero og Giovanni de' Medici i det gamle sakristiet.

Handelsmennene i Firenze gav i 1466 Verrocchio i oppdrag å lage skulpturgruppa Kristus og den tvilande Tomas, skulpturane skulle plasserast i ei ytre nisje i kyrkja Orsanmichele.

Kristi dåp, som no finst i Uffiziane, vart måla ein gong i 1474 eller 1475. Under arbeidet av dette kunstverket vart Verrocchio assistert av Leonardo da Vinci, som då arbeidde i verkstaden hans. Leonardo ferdigstilte bakgrunnen og måla den venstre engelen, og med ein kvalitet som skilde seg frå resten av måleriet.

Ryttarstatuen Bartolemo Colleoni i Venezia
Madonnaen med barnet, no i Metropolitan Museum of Art i New York.

Skulptør[endre | endre wikiteksten]

På midten av 1470-talet var Verrocchio særleg oppteken av skulpturarbeid og utvikla den florentinske stilen. Omkring 1478 gjorde Verrocchio ferdig Bevinga kjerub med delfin, som i dag finst i Palazzo Vecchio. Verket viser eit drag av naturalisme, som Verrochio lærde seg frå Desiderio da Settignano. Frå same perioden stammar Dame med bukett, og relieffet til Francesca Tornabuoni sitt gravmonument i basilikaen 'Santa Maria sopra Minerva' i Roma.

Bartolomeo Colleoni[endre | endre wikiteksten]

År 1478 byrja Verrocchio på det er hans mest kjende verk, ei ryttarstatue som førestiller kondottieren Bartolomeo Colleoni, som hadde døydd tre år tidlegare. Arbeidet var eit oppdrag frå Republikken Venezia. Det var det første forsøket på å lage ei ryttarstatue der eitt av hesten sine bein ikkje støttar seg på underlaget.

I 1480 sende Verrocchio ein voksmodell til opdragsgjevarane. Han flytta i 1488 til Venezia for å assistere ved støypinga av skulpturen. Han døydde der same året, før arbeidet hans var fullført.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Kristi dåp (1472–75), Uffiziane, Firenze
  • Madonnaen med Johannes døyparen og Donatus, katedralen i Pistoia
  • Sankta Monica, Santo Spirito, Florens
  • Tobias og engelen (1470–80), National Gallery i London
  • Kristus og den tvilande Tomas (1467–83), Orsanmichele i Firenze

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Andrea del Verrocchio