Andreas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andreas er eit mannsnamn avleidd av det greske ordet andrós som er genitivforma av anér, 'mann'. Andre former av namnet er Anders, engelsk Andrew, fransk André, spansk Andres, samisk Ante og finsk Antti. Kvinnelege former er Andrine og Andrea, det sistnemnde er også mannsnamn på nokre språk.

Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Andreas har vore bruka som mannsnamn i Noreg frå 1100-talet. Etterkvart vart det mest brukt i forma Anders, men dei siste hundre åra har forma Andreas blitt vanlegare att.

  • I folketeljinga 1801 var det ca. 4 800
  • I folketeljinga 1900 ca. 26 100
  • I 2007 var det om lag 18 400 som heiter Andreas.

Frå ca. 1980 og framover har det vore eitt av dei mest populære døypenamna, med ein foreløpig topp i 1994. Andreas har vore blant dei ti mest populære døypenamna i Noreg i alle år frå 1983 til 2006, og var det mest populære av alle i 1997.

Andreas er elles eit svært mykje bruka namn i Tyskland.

Namnet Andreas i Bibelen[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar med namnet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]