Andreas Aarflot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andreas Aarflot (fødd 1. juli 1928 i Yiyang i Hunan) er ein norsk teolog og biskop emeritus i Den norske kyrkja.

Aarflot vart fødd i Kina der mor og far hans tente for Det norske misjonsselskapet i provinsen Hunan.

Han er cand. theol. frå Det teologiske menighetsfakultet (1951) og dr. theol. frå Universitetet i Oslo (1970). Han har hatt studieopphald i Heidelberg i Tyskland, i England og i USA og er æresdoktor ved St. Olaf College (1987) og æresmedlem av Finska kyrkohistoriska sällskapet (1978).

Aarflot har mellom anna arbeida for Den norske sjømannsmisjonen og Indremisjonsselskapet og gjort presteteneste i Røyken. Han var tilknytt Menighetsfakultetet som stipendiat (1960), fakultetslektor (1968) og dosent (1970) før han vart professor i 1976. Same år vart han oppnemnd til biskop i Borg bispedømme etter at Per Lønning trekte seg i protest mot abortlovgjevinga. I 1978 etterfølgde han Kaare Støylen som biskop i Oslo og preses i bispemøtet.

I eigenskap av preses heldt han preika under signinga av Kong Harald V i Nidarosdomen 23. juni 1991.

Aarflot vart som biskop rekna som moderat konservativ og høyrde til sentrum av Den norske kyrkja teologisk.

Han vart etterfølgd som biskop i Oslo av Gunnar Stålsett; utnemninga av Stålsett skapte debatt.

I 1979 vart biskop Aarflot utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.

[endre] Bibliografi (utval)

  • En tro som bærer, Oslo 1998
  • med Carl Fredrik Wisløff, Norsk kirkehistorie, 3 bd., Oslo 1966-1971
  • Norsk kirke i tusen år, Oslo 1978
  • Norsk kirkehistorie i grunnriss, Oslo 1974
  • Kirke og stat i Noreg. frå reformasjonen til våre dager, Stavanger 1969
  • Tro og lydighet. Hans Nielsen Hauges kristendomsforståelse, Oslo 1969
  • Samtidsspeil eller fyrtårn?, 2008

[endre] Kjelder

Føregjengar:
 Per Lønning 
Luthersk biskop av Borg
Etterfylgjar:
 Gunnar Lislerud 
Føregjengar:
 Kaare Støylen 
Preses i Den norske kyrkja
Etterfylgjar:
 Odd Bondevik 
Føregjengar:
 Kaare Støylen 
Luthersk biskop av Oslo
Etterfylgjar:
 Gunnar Stålsett 
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk