Andreas Bloch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Bloch

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. juli 1860
Skedsmo kommune
Død

11. mai 1917 (56 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, illustratør
Sjanger portrett
Andreas Bloch på Commons

Andreas Schelven Schroeter Bloch (29. juli 186011. mai 1917) var ein norsk teiknar, målar og illustratør, fødd i Skedsmo. Han laga ei mengd portrett, måla historiske og militære motiv, og var elles karikaturteiknar, kostymedesignar og målar av postkort.

Kaptein Drejer paa stubben

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Postkortet Godt Nytaar!

Bloch var son til ein offiser. Sjølv gjekk han i 1878-79 på Knud Bergslien sin målarskule i Kristiania, og studerte deretter vidare i Düsseldorf i 1880–81. Etter han etablerte seg i den norske hovudstaden, var hans kunstnariske verksemd i hovudsak konsentrert om portrettmåleri og historiemåleri. Blochs mest prestisjetunge oppdrag var måleriet som viser kroninga av kong Haakon og dronning Maud i 1906.

Militærmåleriet var ein populær sjanger i europeisk måleri då Bloch var aktiv. Særleg gjaldt det militære hendingar i samtida, men det gjaldt også for historiemåleriet. Bloch tok opp sjangeren i Noreg, men vart meir eller mindre ståande isolert i heimlandet. Han var i mange år illustratør i Folkebladet og illustrerte ei rekke bøker. Boka Syv-aars-krigen for 17. mai 1807–1814 av Henrik Angell er kanskje det mest kjende verket som Bloch illustrerte. Som illustratør av historiske verk er Bloch ein av de fremste i landet. Utan å vere av dei berømte kunstnarane i Noreg, har Bloch vore ein av dei som sterkast har prega folks visuelle oppfatning av norsk historie, særleg historia i åra kring 1800. Han var elles ein flittig teiknar av postkort, og ein mykje aktiv karikaturteiknar i moroblad som Krydseren, Vikingen, Tyrihans og Korsaren.

Postvesenet skulle uniformerast, teikna Bloch utkast til uniformer. Det same gjaldt då Skogvesenet i 1900 fekk uniformer. Han teikna fleire byvåpen, mellom andre for Horten og Ålesund. Bloch teikna kostymar for Christiania Theater og seinare for Nationaltheatret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]