Andreas Bonnevie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Bonnevie
Fødd6. mars 1782
Død10. mars 1833 (51 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
Alle verv

Andreas Bonnevie (6. mars 178210. mars 1833) var ein norsk prest og stortingsrepresentant for Kongsberg.

Bonnevie var frå Mandal, der faren var lækjar. Han gjekk i skule i Kristiansand, uteksaminert til student 1797. Embetseksamen som cand. theol. i 1804. Han byrja så på ei militær karriere, tilsett som løytnant ved regimentet i Helsingør i 1808. Aktiv i væpna strid i 1813.

I 1814 forlet Bonnevie hæren, då han vart utnemnd til sokneprest i Kalunborg i Danmark. Før han overtok embetet innleia han eit kjærleiksforhold med kona til kammerherren Hans von Juel. Kona skilde seg frå Juel og gifta seg seinare med Bonnevie. Sjølv reiste Bonnevie tilbake til Noreg, der han vart sokneprest på Kongsberg i 1815. I 1824 vart han beden om å søke nytt kall, etter han hadde vorten skild. Han flytta så til Øyestad i Aust-Agder, etter han var utnemnd til sokneprest der.

Bonnevie var representant for Kongsberg på Stortinget 1815-16. På tinget var han medlem av seks komitear. Elles var han ein av dei som sat i riksretten mot Frederik Gottschalk von Haxthausen. Også til Stortinget 1821 vart han vald, men dette valet vart underkjent.

Mot slutten av livet skreiv han ein humoristisk sjølvbiografi, trykt på vers i Andreas Faye si bok Bidrag til Øiestads Presters Historie. Han døydde på prestegarden i Øyestad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]