Andreas Brehme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Brehme
Andreas Brehme i 2008
Personleg informasjon
Fullt namn Andreas Brehme
Fødselsdato 9. november 1960
Fødestad Hamburg i Vest-Tyskland
Dødsdato 20. februar 2024
Høgd 185 cm
Posisjon Venstreback / Venstre ving / Venstre midtbane
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1980–1981 Saarbrücken 36 (3)
1981–1986 Kaiserslautern 154 (34)
1986–1988 Bayern München 59 (7)
1988–1992 Inter 116 (1)
1992–1993 Real Zaragoza 24 (1)
1993–1998 Kaiserslautern 120 (9)
Totalt 509 (65)
Landslag
1984–1994 Tyskland 86 (8)
Trenar for
2000–2002 Kaiserslautern
2004–2005 Unterhaching
2005–2006  Stuttgart
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Andreas Brehme (9. november 196020. februar 2024) var ein tysk fotballspelar frå Hamburg. Han er kjend for å ha vorte matchvinnar då Vest-Tyskland vann VM-finalen i 1990 med 1–0 over Argentina på straffespark.

Brehme var Kaiserslautern-spelar frå 1981 til 1986. Dei neste to sesongane spelte han på Bayern München. Dernest tenestegjorde han i italienske FC Internazionale frå 1988 til 1992. Etter å ha vore Real Zaragoza-spelar i 1992/93-sesongen gjekk han tilbake til Kaiserslautern. Han la opp i 1998.

Frå 1984 til 1994 tok Brehmne på seg den vesttyske/tyske landslagsdrakta 86 gongar og fekk åtte nettkjenningar med denne. Han deltok i samtlege seks EM/VM-turneringane i tidsromet, og var på bana både under VM-finalane 1986 og 1990, og under EM i fotball 1992. Han var kaptein for det tyske mannskapet som måtte nøye seg med sølvmedaljar etter å ha tapt 0–2 mot Danmark.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1986 med Vest-Tyskland
  • EM-sølv: 1992 med Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1991 med FC Internazionale
  • Tysk seriemeister: 1987 med Bayern München og 1998 med FC Kaiserslautern
  • Italiensk seriemeister: 1989 med FC Internazionale
  • Tysk cupmeister: 1996 med FC Kaiserslautern

Kjelder[endre | endre wikiteksten]