Andreas Diesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om skodespelaren og revyforfattaren. For legen, sjå Andreas Melchior Seip Diesen.
Andreas Diesen

Fødd20. november 1945 (78 år)
Verka somskodespelar, filmskodespelar, manusforfattar, revue writer, arrangementvert
MorKari Diesen
FarErnst Diesen
PrisarLeif Justers ærespris, Leonardstatuetten

Andreas Diesen (fødd 20. november 1945) er ein norsk skodespelar og NRK-programleiar i ei årrekkje. Han er son av komikarane Kari og Ernst Diesen.

Andreas Diesen starta karrieren sin som barneskodespelar, m.a. i Aldri annet enn bråk (1954) av Edith Carlmar. I seinare tid har han oftare arbeidd som manusforfattar og regissør. Diesen har vore tilknytt NRK gjennom heile vaksenlivet, og har m.a. arbeidd med Jon Skolmen og Trond Kirkvaag.

Andreas Diesen har omsett fleire musikalar og komediar til norsk. Ein av desse er Olsenbanden og Dynamitt-Harry på sporet (1977), som opphavleg var ein dansk komedie. Diesen er sitjande formann i Norsk Revyforfatterforening. Då Diesen vart feira ved tildelinga av Kongens fortenestmedalje i 2012, sa kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas at Diesen truleg er den som har størst fagkunnskap om revyhistoria i Noreg.[1] Underhaldningssjef Charlo Halvorsen, som overrakte prisen til han, skildra han som eit vandrande leksikon og la til: «Det som er flott, er at han raust deler kompetansen».[2]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Nrk.no (9. mars 2012) Andreas Diesen hedret med medalje. Vitja 12. februar 2014.
  2. Nrk.no (29. februar 2012) Kongen hedrer sengeliggende NRK-profil. Vitja 12. februar 2014.
  3. Nrk.no (25. august 2012) Disse er årets morsomste. Vitja 12. februar 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]