Andreas Gottlob Rudelbach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dr. A. G. Rudelbach, Christian Albrecht Jensen, 1858

Andreas Gottlob Rudelbach (29. september 17923. mars 1862) var ein dansk teolog.

Rudelbach vart cand.theol. i 1820 og doktor philos. i 1822. I 1825 stilte han seg som ortodoks lutheranar på Grundtvig si side i strid mot rasjonalistiske teologar.

I 1829 fekk han teneste som superintendent og leiande prest i Glauchau i Sachsen. Frå 1840 utgav han saman med Guericke Zeitschrift für die gesammte lutherische Theologie und Kirche. Her markerte han seg som talsmann for luthersk lære.

I 1845 vende Rudelbach attende til Danmark, og vart sokneprest i Slagelse 1848. Etter kvart vart han ein skarp kritikar av Grundtvigs syn på kyrkja, spesielt var han motstandar av valsokn (fritt presteval).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Eit utval bøker skrivne av C.A. Rudelbach:

  • Die augsburgische Confession (1830)
  • Savonarola und seine Zeit (1835)
  • Reformation, Lutherthum und Union (1839
  • Christelig biographie (1846-48; tysk auka utg, 1849-50).
  • Den evangeliske kirkeforfatnings oprindelse og princip etc. (1849)
  • Om det borgerlige ægteskab (1851)
  • Om sognebaandet og om ordinationens væsen (1852)
  • Om begrebet folkekirke (1854)
  • Kirkefrihedens elementer i den danske statskirkelige ordning og lovgivning siden 1537 (1854)
  • Om psalmeliteraturen og psalmebogssagen (1856)

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]