Andreas Holmsen (1869–1955)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om bergmannen og hydrografen. For historikaren, sjå Andreas Holmsen.
Andreas Holmsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. mai 1869
Røros
Død

15. desember 1955 (86 år)

Yrke hydrograf, ingeniør
Ektefelle Thekla Resvoll

Andreas Holmsen (fødd 1869 i Røros, død 1955) var ein norsk bergmann og hydrograf.

Han var bror til Gunnar Holmsen. Holmsen vart hydrograf i vassdragsvesenet i 1895 og arbeidde frå 1905 til 1909 ved Universitetet i Oslo. I 1918 vart han bergkonsulent i Handelsdepartementet. I 1921 vart han underdirektør og i 1932-1937 var han bergmeister i distrikt på Austlandet. Han gav ut fleire hydrografiske artiklar, mellom andre Seiches i norske indsjøer, Isforholdene ved de norske indsjøer (Videnskabsselskabet i Christianias skrifter 1901) og bidrag til Beskrivelse over norske vasdrag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Andreas Holmsen – norsk bergmann» i Store norske leksikon, snl.no.