Andreas Landmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Andreas Landmark (14. april 17694. desember 1839) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Landmark var fødd i Kristiania, faren var ein kunstvevar innvandra frå Värmland i Sverige. Frå han var 13 år gammal, voks han opp hos ein morbror i Aurskog. I vaksen alder var han fullmektig hos sorenskrivar i Sunnfjord og i Nordfjord. Frå 1804 til 1829 var han fut i Sunnmøre. Han var far til Jens Landmark, og bror av Nils Landmark.

Landmark var 1. representant frå Romsdals amtStortinget 1821 og på overordentleg storting 1822. I 1821 var han medlem av 12 komitear, formann i fire av dei. Han var formann i komiteane om fisket i Borgundfjorden, om fisket ved Skudenes, om garnfisket på Kaurås og om hummarfisket. Elles var han sekretær i fem andre komitear, og mellom anna medlem av komiteen om kjøpstad i Ålesund.

Heile embetstida som fut budde Landmark på garden Brandal i Hareid. Der døydde han i 1839. I Brandal sentrum vart det hausten 1977 avduka bauta til minne om Landmark.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  1. Tidsskrift for Sunnmøre Historielag. Utgjeve av Sunnmøre Historielag, Sunnmøre Museum og Aalesunds Museum,1998