Andreas Nilsen Fjeld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Nilsen Fjeld
Fødd3. april 1853
Modum kommune
Død15. oktober 1956 (103 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Andreas Nilsen Fjeld (fødd 3. april 1853) var ein norsk snikkar, gardbrukar og stortingsmann frå Modum. Han var tingmann for partiet Venstre.

Far til Fjeld forpakta eit gardsbruk i Modum. Sjølv lærde han seg til snikkar i Drammen åra 1869-73. Dei tre neste åra gjekk han i lære utanlands, i København, Hamburg og Berlin. Tida 1877-97 var han arbeidsformann ved Sjåstad Trevarefabrikk i Lier. Han kjøpte garden Fjell i Lier i 1882, der han satsa sterkt på hagebruk.

Fjeld representerte Buskeruds amt og partiet Venstre på Stortinget i perioden 1898-1900. Han var medlem av sosialkomiteen. Fjeld var også medlem av heradsstyret i Lier, og han var formann i «arbeidskomiteen for boligbanken med flere hverv».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]