Andreas Sanne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andreas Sanne
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. desember 1809
Molde kommune
Død

31. juli 1892 (82 år)
Ålesund kommune

Yrke jurist, politikar
Språk norsk

Andreas Mathias Sanne (5. desember 180931. juli 1892) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar.

Sanne var fødd i Molde. Han var kontorist hos sorenskrivaren i Romsdal i ei ti års tid. I 1834 vart han eksaminert jurist, og året etter sorenskrivarfullmektig i Bamble i Telemark. 1836-39 hadde tilsvarande stilling i Romsdal. Frå 1844 var han undrerretsprokurator i Ålesund. Han var medlem av bystyret i Ålesund 1845-51, ordførar eit par år. Frå 1846 var han med i leiinga av 'Aalesunds Sparebank', direksjonsformann frå 1868.

Sanne representerte Ålesund og Molde på Stortinget 1851 og på nytt i 1854. Sekretær i desisjonskomiteen (nemnda som kontrollerte riksrevisjonen) 1851, formann i same 1854.

Han døydde i Ålesund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914