Andreas Steinhöfel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andreas Steinhöfel signerer bøker i Berlin, 15.03.08.

Foto: Das blaue Sofa/Club Bertelsmann

Andreas Steinhöfel (fødd 14. januar 1962 i Battenberg i Hessen) er ein tysk forfattar av barne- og ungdomslitteratur.[1] Steinhöfel er også aktiv som manusforfattar og omsetjar av bøker. Han har vunne fleire litteraturprisar i Tyskland for forfattarskapen sin.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Andreas Steinhöfel voks opp med to brør i landsbyen Biedenkopf midt i Hessen. Etter obligatorisk skulegang tok han til å studera biologi og engelsk tilknytt ei undervisningsstilling. Deretter ombestemte han seg og starta eit studie ved Universitetet i Marburg der han studerte anglistikk, amerikanistikk og medievitskap. Etter å ha avslutta studia, gav han ut si fyrste ungdomsbok i 1991, Dirk und ich.

Steinhöfel var sambuar med den tyske DJ-en Gianni Vitiello fram til denne døydde i 2009. Etter å ha butt 20 år i Berlin er Steinhöfel no busett i heimbygda Biedenkopf.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Ei av Steinhöfels best kjende bøker er Paul Vier und die Schröders (1992), som blir brukt som standardlektyre i tyske skular. Filmatiseringa av boka vann den tyske barnefilmprisen i 1995. Blant ungdom er særleg romanen Die Mitte der Welt ein favoritt. Die Mitte der Welt vart nominert til den tyske ungdomslitteraturprisen i 1999, nett som Defender – Geschichten aus der Mitte der Welt, som delvis er ein oppfylgjar til den fyrste. Steinhöfel har no vunne prisen to gonger, siste gongen var i 2009 for Rico, Oscar und die Tieferschatten, den fyrste av tre bøker om venene Rico og Oscar. Denne er omsett til norsk av Finn Iunker og vart utgjeven i 2010 under tittelen «Rico, Oskar og bakskyggene».[2]

Andreas Steinhöfel har omsett bøker av Jerry Spinelli, Roddy Doyle, Lois Lowry, Paul Shipton og Kate Walker, alle frå engelsk. I tillegg har han stått for nyomsetjingar av dei to best kjende verka av USA-amerikanske Susan E. Hinton: Die Outsider og Rumble Fish.

Manusforfattaren Andreas Steinhöfel har m.a. skrive 40 episodar av "Käpt’n Blaubär Club" (1993/94 for WDR/ARD) und 5 episodar av barneserien "Urmel aus dem Eis" (1994 for WDR/ARD), fleire episodar av fjernsynsbarneserien Löwenzahn (2008-2010 for ZDF) og fjernsynsmusikkserien Abenteuer Klassik! (2007 for WDR).[3]

Andreas Steinhöfel arbeider no (2013) på sin fyrste roman for vaksne.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Dirk und ich (Carlsen Verlag, Hamburg 1991)
  • Paul Vier und die Schröders (Carlsen Verlag, Hamburg 1992)
  • Trügerische Stille (gamal tittel: Glatte Fläche; Carlsen Verlag, Hamburg 1993)
  • Glitzerkatze und Stinkmaus (Carlsen Verlag, Hamburg 1994)
  • Beschützer der Diebe (Carlsen Verlag, Hamburg 1994)
  • Es ist ein Elch entsprungen (Carlsen Verlag, Hamburg 1995)
  • 1:0 für Sven und Renan (München 1995)
  • O Patria Mia (Carlsen Verlag, Hamburg 1996)
  • Herr Purps, die Klassenmaus (ars edition, München 1996)
  • Die Honigkuckuckskinder (München 1996)
  • Die Mitte der Welt (Carlsen Verlag, Hamburg 1998)
  • David Tage, Mona Nächte (saman med Anja Tuckermann; Carlsen Verlag, Hamburg 1999)
  • Wo bist du nur? (Carlsen Verlag, Hamburg 2000)
  • Defender – Geschichten aus der Mitte der Welt (Novellesamling; Carlsen Verlag, Hamburg 2001)
  • Der mechanische Prinz (Carlsen Verlag, Hamburg 2003)
  • Froschmaul (Novellesamling; (Carlsen Verlag, Hamburg 2006)
  • Rico, Oskar und die Tieferschatten (Carlsen Verlag, Hamburg 2008) På norsk 2010.
  • Rico, Oskar und das Herzgebreche, (Carlsen Verlag, Hamburg 2009)
  • Rico, Oskar und der Diebstahlstein, bilete av Peter Schössow. Carlsen Verlag, Hamburg 2011 (også som lydbok)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]