Andreas Thorkildsen
Andreas Thorkildsen (fødd 1. april 1982 i Kristiansand) er ein norsk friidrettsutøvar for Kristiansand IF. Han er særlig kjent for gode prestasjonar innan spydkast og er olympisk meister to gonger, i 2004 og 2008
[endre] Resultat
Thorkildsen vann gullmedalje i spydkast under sommar-OL 2004, og for dette vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris i etterkant. Under VM i Helsingfors, Finland vann han sølv i 2005. Han har også juniorverdsrekorden i spyd med 83,87 meter, sett i 2001.
Han betra den norske rekorden fleire gonger i 2005, og sette personlig rekord med 89,60 i Monaco 10. september 2005. Seinare har Thorkildsen betra noregsrekorden fleire gonger, mellom anna ved å kaste 90,13 i Doha 12. mai 2006. Den gjeldande noregsrekorden sette han 2. juni 2006, då han kasta 91,59 meter under Bislett Games.
Etter å ha sett ny banerekord under DN-Gallaen i Stockholm 25. juli 2006 med eit kast på 89,78 meter, ble han premiert med ein diamant til om lag 75.000 kroner.
Under EM i friidrett 2006 vann han gull med 88,78 meter, etter å ha vært best i fem av seks omgangar.
I sommar-OL 2008 vann Thorkildsen spydkonkurransen med eit kast på 90,57 meter. Etter dette vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje.
[endre] Anna
Trenaren hans er Åsmund Martinsen.
Far til Thorkildsen, Tomm Thorkildsen, var også spydkastar og var den som introduserte sonen for idretten. Mora Bente tevla som friidrettsutøvar i Hamar Idrettslag på 1970-talet.
Andreas Thorkildsen er sambuar med den norske hekkeløparen Christina Vukicevic.
[endre] Bakgrunnsstoff